Følg Oslo lufthavn

Velkomen til ammehjørnet

Blogginnlegg   •  des 03, 2014 16:02 CET

Vi veit at å reise med små born kan vere hektisk og strevsomt, og vi vil gjere det vi kan for å gjere opplevinga på flyplassen så positiv som mogleg for born og foreldre. Derfor har vi fått på plass eit rolig og skjerma område dedikert til mating av småbarn, tilrettelagt for dei som ønskar ei stille stund før flyreisa.

Eit etterlengta tilbod

– Dette var akkurat det eg leitte etter, seier Maria Adolfsen. Ho og dottera Anna Sofie, ei blid og fornøgd jente på 8 månader, er dei aller første som har benytta seg av ammehjørnet.

– Eg var eigentleg tenkt til å vente med å amme til eg kom på flyet, det er ikkje noko greitt å skulle gjere det ute i fellesområdet på flyplassen, seier Maria.

Maria og Anna Sofia er dei aller første til å benytte eit tilbod som har vore etterlengta blant publikum.

Gjennom sosiale medium og andre kanalar folk har kontakta oss på, har det blitt klart at muligheita til å gi mat til spedbarn i fred og ro har vore ei viktig teneste folk har sakna.

Satsar på born og foreldre

Ammehjørnet er det nyaste tiltaket i ei større satsing vi har på born og barnefamiliar her på Oslo Lufthavn. I sommar lanserte vi Felix&Fiona, eit konsept som skal gjere informasjon, tilbod og funksjonar for born og foreldre lett tilgjengeleg og gjenkjennbar. Prosjektgruppa jobbar kontinuerleg med å utvikle Felix&Fiona-konseptet, i tillegg til å kontinuerleg forbetre eksisterande og utvikle nye tilbod.

Felix&Fiona pregar allereie stelleromma våre, barnemenyar på restaurantane, familieslusen i sikkerheitskontrollen og nettsida osl.no/barn. Samtidig som vi samlar og synleggjer tilbod vi allereie har for born, jobbar vi aktivt med nye tiltak for å gjere flyplassen mest mogleg barnevennleg.

Vi håpar ammehjørnet vil vere til glede og nytte for reisande med små born framover.

– Eg har lenge tenkt at det burde vere eit slikt område for oss med småbarn her på flyplassen. VI kjem garantert til å oppsøke ammerommet igjen neste gong vi er på tur, seier Maria.

Gi oss dine tips!

For at vi skal klare å nå målet vårt om å vere så barnevennlege vi kan, er vi avhengige av våre viktigaste rådgjevarar og støttespelarar – nemleg passasjerane. Det er born og foreldre som sjølve veit kva som er viktig for dei – så kom gjerne med innspel til oss! Vi vil bli betre, vi vil lære, og vi lovar å lytte. Vi har dessverre litt lite plass akkurat no, men vi bygger ut og frå 2017 får vi litt større plass å boltre oss på.

Vi kan kontaktast på Facebook, twitter, instagram og epost firmapost@osl.no

Helsing Susanne, informasjonskonsulent og Felix&Fiona-ambassadør på Oslo Lufthavn

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar