Følg Oslo lufthavn

Han gir deg kaffi og eit smil

Blogginnlegg   •   jul 11, 2014 10:59 CEST

Young Davidets har ein god dag på jobb når han har gitt kundane sine ei god oppleving. Møt kvardagshelten som serverer kaffien din med eit stort smil og eit ønske om ei god reise.

– Det er viktig for meg å smile og vere hyggeleg mot folk på jobb. Når folk har handla hos meg skal dei hugse at dei hadde ei god oppleving og ha lyst til å kome tilbake, seier Young med  - ja du gjetta det – eit stort smil.

Les også: Ein kvardagshelt på plass

Young bur i Oslo og har seks års fartstid som servicemenneske på Oslo Lufthavn. Han starta på Point-kiosken i ankomsthallen, avanserte til Café Ritazza, og er no skiftleiar på bakeriet Samson i avgangshallen. Han har lært ein ting eller to om korleis ein snur opp ned på eit dårleg humør på ein hektisk arbeidsplass.

– Ekstra viktig med god kundebehandling
– Kundane våre er i ein spesiell situasjon. Nokre er oppspilte og glade fordi dei skal på tur, andre kan vere stressa og ha dårleg tid, og eg syns det er ekstra viktig med god kundebehandling til reisande slik dei reiser herifrå med eit godt inntrykk og ei god kjensle, seier han.

Han dreg fram både kundar og kollegaer på spørsmål om kva som er det beste med jobben.

– Kollegaene mine er dei aller beste, vi har eit veldig godt miljø her på Samson. I tillegg er de alltid hyggeleg når andre flyplasskollegaer kjem innom for ein kaffi. Det er lett å smile og vere hyggeleg når andre også er det, og så er det veldig fint å sjå at eit smil og ei lykkeønsking på reisa kan få ein sur eller stressa kunde til å smile også, seier han.

Alle heltane.jpgYoung er éin av tre kvardagsheltar. Dei to andre er Ingrid E. Gundersen i ISS og Henriette Sandvik i DnB.

– Veldig uventa
Young er ikkje berre skiftleiar på Samson, han er også fotomodell. I alle fall i ein periode, for han har ansiktet sitt klistra på plakatar og reklamer i sommar. Han er kåra til «Hverdagshelt» i ein kampanje Oslo Lufthavn har for å vise fram alle dei viktige menneska som får flyplassen til å gå rundt.

Les også: Eit møte med ein kvardagshelt

– Eg var veldig overraska då eg fekk vite at eg var kåra til kvardagshelt, det var veldig hyggelig, og absolutt uventa, seier han vidare. Det store smilet hans talar for seg sjølv i det han får spørsmålet om kvifor han trur han blei kåra til kvardagshelt.

– Det er viktig for meg å smile og vere hyggeleg mot folk på jobb. Kundar skal ha lyst til å kome tilbake og handle meir hos meg, seier Young, som tek med seg erfaringa og anerkjennelsen ut i ny jobb som assisterande butikksjef på Waynes Coffee i Oslo til hausten.

– Det blir trist å forlate kollegaene mine og den spennande arbeidsplassen, men det er nærare heime og eit aldri så lite karrierehopp opp til assisterande butikksjef, seier Young.

– Eg tek med meg verdifull erfaring frå det spennande arbeidsmiljøet på flyplassen, avsluttar han – med eit smil.

Av Susanne Egset, informasjonskonsulent ved Oslo Lufthavn

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar