Følg Oslo lufthavn

#Flygasm på Oslo Lufthavn

Blogginnlegg   •  jun 20, 2014 12:11 CEST

Blogginnlegg av Susanne Egset, informasjonskonsulent på Oslo Lufthavn

Som relativt nyansatt på flyplass blei eg fascinert av fascinasjonen det skapte då Antonov 225 skulle lande her på Oslo Lufthavn. At eit fly kan skape så stor begeistring på ein arbeidsplass som baserer seg på fly overraska meg litt – sjølv om det er logisk at interessa for enkelte typar vingebefengte doningar er større her enn andre stadar.

Fordi fly er ikkje akkurat ei sjeldanheit på ein flyplass.  Her er mange fly. Fly i alle formar, fargar og fasongar.  Passasjerfly og lastefly. Fly som flyg forbi kontorvindauga våre kvar einaste dag. Fly som lettar og landar, taxar og parkerer.

Arbeidsplassen gjekk bananas
Flyplassansatte opprømt over AN-225 er tittelen på saka om flynerdane som bobla over av begeistring for doningen ved namn Antonov AN-225, skrive av min tidlegare NRK-kollega som i likheit med meg la merke til at arbeidsplassen gjekk bananas denne dagen. I saka får vi eit levande innblikk i det begeistra sinnet til kollega Edgar Kemi som hadde årets arbeidsdag.  Han fekk køyre bilen som skulle følgje gigantflyet dit det skulle etter at det hadde landa. I saka er det også eit knippe instagrambilete og facebookstatusar frå tilsette som deler opplevinga av ein annleis dag på jobb.

Då flyet skulle lande, trekte folk ut av kontorstolane sine og bort til vindauga for å få eit glimt. Tettleiken av vestkledde arbeidarar på taka på byggeplassen har aldri vore større. Tårnbalkongen blei fyllt opp av dei som ville ha fugleperspektiv på doningen. Alle balkongar, tak og vindauge var fulle av forventningsfulle ansikt, og kontor, pauserom og møterom var tomme.

Laga draumedag for flynerdar
Vi på kommunikasjonsavdelinga har på førehand merka ei yrande forventning i det mest nerdete nerdemiljøet vi har kontakt med – nemleg flyspottar-miljøet. Dei visste at noko var på veg, og dei ville få det med seg. Dette ønsket ville vi vi veldig gjerne oppfylle for desse engasjerte menneska som kvar dag står bak gjerdene med teleobjektiva sine for å ta bilete av fly.

Difor arrangerte vi ein fotokonkurranse på Instagram og Facebook der ti heldige flyspottarar kunne vinne ein tur innanfor gjerdet for å oppleve Antonoven på nært hald. Utanfor gjerdet sto det fleire hundre menneske. Innanfor gjerdet fekk ti heldige flyspottarar saman med eit like ivrig pressekorps ta sine livs flybilete. Dette var ei fin oppleving også for oss. Dei som fekk vere med smilte og syns det var stas, dei tok oss i handa og takka oss for at vi hadde gitt dei ein så stor dag. For å forklare kor stort det var for nokre av dei, så kan ein samanlikne det med ein fotballspelar som får møte Maradona.

Éin av dei kom reisande frå Bergen eins ærend for å få med seg Antonoven på nært hald. Han fortalde til VG-tv at dette var den største dagen i livet hans. Slikt varmar, og vi syns det er veldig hyggelig å bidra til at folk får ei slik oppleving hos oss.

Du kan sjå bileta frå både landing og take-off på facebooksida vår. Følg oss også på Instagram. 


Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar